Spørsmålet om dommane i tingretten og lagmannsretten måtte opphevast som følgje av at ein dommarfullmektig var leiar av retten ved behandlinga i tingretten

Høgsterettsdom 20.1.2015, HR-2015-00128-A, (sak nr. 2014/1870), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Aina Mee Ertzeid)

Dommarane: Bergsjø, Bull, Indreberg, Bårdsen, Øie 

Saka gjaldt spørsmålet om dommane i tingretten og lagmannsretten måtte opphevast som følgje av at ein dommarfullmektig var leiar av retten ved behandlinga i tingretten. Høgsterett fann at det ikkje var gjort saksbehandlingsfeil, og anken frå den domfelte blei forkasta.

Etter straffeprosesslova § 276 fjerde ledd kan tingretten ikkje setjast med dommarfullmektig i saker som kan føre til meir enn seks års fengsel. Høgsterett la til grunn at det avgjerande her må vere strafferamma i det straffebodet som tiltalen gjeld. Sjølv om det ligg føre opplysningar som kan tilseie at forholdet blir ramma av eit strengare straffebod, pliktar ikkje retten å vurdere og eventuelt overprøve vurderinga til påtalemakta før hovudforhandlinga. Dersom tingretten først er lovleg sett med dommarfullmektig ved byrjinga av hovudforhandlinga, kan saka halde fram sjølv om det seinare viser seg at forholdet blir ramma av eit straffebod med høgare strafferamme enn seks års fengsel. Høgsterett peikte på at løysinga heilt unntaksvis kan bli ei anna, som ved reine omgåingar av påtalereglane. I denne saka var det ikkje nødvendig å drøfte dette nærmare.

Leis heile avgjerda

Til toppen