Spørsmål om den sikta og forsvararen hans har rett til å bli kalla inn til / varsla om rettsmøte som direkte berre gjeld ein medsikta i saka, og til å bli underretta om avgjerdene

Høgsteretts orskurd, 5.2.2015, HR-2015-00274-A, (sak nr. 2014/2185), straffesak, anke over orskurd

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Geir Evanger)

Dommarar: Ringnes, Bårdsen, Skoghøy, Stabel, Tjomsland

Høgsterett kom til at ein sikta og forsvararen hans ikkje har krav på å bli varsla om og å vere til stades i fengslingsmøte som gjeld andre sikta i den same saka.

I eit sakskompleks med mange sikta var det spørsmål om «den sikta» og forsvararen hans etter straffeprosesslova § 243 har rett til å bli kalla inn til / varsla om fengslingsmøte som gjeld andre sikta i same sakskompleks. Det var vidare spørsmål om den sikta og forsvararen etter lova § 244 har rett til å vere til stades i fengslingsmøte for andre sikta. Høgsterett uttalte at «den sikta» etter desse føresegnene er den som rettsmøtet direkte gjeld. Høgsterett kom vidare til at berre den som fengslingsorskurden direkte gjeld, har rett til å bli underretta om orskurdar etter straffeprosesslova § 52.

Les heile avgjerda

Til toppen