Straff for familievald

Høgsteretts dom 26.6.2015, HR-2015-01368-A, (sak nr. 2015/356), straffesak, anke over dom

I. Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kaia Strandjord) mot A (advokat Frode Sulland

II. A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kaia Strandjord)

Dommarar: Webster, Arntzen, Bull, Utgård, Tjomsland

Ein 46 år gammal mann blei dømd til 1 år og 3 månaders fengsel for vald mot barna sine.

Den domfelte hadde jamleg klapsa, klipe, sparka, dytta, teke hardt i og trua to av døtrene sine i ein periode på 12 år. Mishandlinga starta da barna var om lag 20 månader gamle. Valden var dels utøvd i som eit ledd i oppsedinga, men kom også som følgje av spontane, uventa sinneutbrot frå den domfelte si side. Dei tre yngre søskena, som ikkje sjølve var utsette for vald, hadde vore vitne til mishandlinga av storesøstrene og var også fornærma. Straffa blei utmålt med tanke på at ein stor del av dei ulovlege handlingane var utførte før straffeskjerpinga i 2010.

Dommen gir rettleiing for straffenivået i saker om "oppsedarvald".

Les heile avgjerda

Til toppen