Straff for masturbasjon av sovande kvinne

Høgsteretts dom 1.9.2015, HR-2015-01791-A, (sak nr. 2015/927), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Asbjørn Eritsland), bistandsadvokat for den fornærma (advokat Odd Rune Torstrup)

Dommarar: Bergsjø, Indreberg, Bull, Ringnes, Stabel

Ein 46 år gammal mann frå X blei dømd til fengsel i to år og seks månader for masturbasjon av ei sovande kvinne.

Mannen hadde forgripe seg på ei kvinne som hadde sovna tungt på sofaen hans etter eit nachspiel. Etter å ha drege av henne buksa, førte han handa fram og tilbake over kjønnsorganet hennar i nokre minutt. Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i tre år.

Dommen gir rettleiing for straffutmålinga ved valdtekt til seksuell omgang utan inntrenging.

Les heile avgjerda

Til toppen