Straff for utelivsvald

Høgsteretts dom 10.6.2015, HR-2015-01223-A, (sak nr. 2015/333), straffesak, anke over dom

A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim)

Dommarar: Webster, Ringnes, Kallerud, Tønder, Utgård

Ei kvinne blei dømd til fem månaders fengsel for å ha kasta eit ølglas mot ei ordensvakt på ein utestad. Vakta fekk eit kutt under haka som måtte syast. Kvinna hadde eineomsorg for ei dotter på 14 år med sosiale tilpassingsvanskar. Problema syntest ikkje å vere av alvorleg karakter, og Høgsterett kom til at omsynet til dottera ikkje kunne vere grunn til å gi samfunnsstraff. Høgsterett heldt ved lag avgjerda i lagmannsretten om å gjere tre månader av straffa vilkårslaus med ei prøvetid på to år av omsyn til dottera.

Avgjerda gir rettleiing for når det kan brukast samfunnsstraff i tilfelle av utelivsvald som fører til lekamsskading.

Les heile avgjerda

Til toppen