Avkorting i erstatning som følge av påkøyrsel av trikk

Høgsterettsdom 29. juni 2016, HR-2016-1464-A, (sak nr. 2016/17), sivil sak, anke over dom

Oslo Forsikring AS (advokat Ståle Hovda) mot A (advokat Faruk Resulovic)

Dommarar: Sæbø, Kallerud, Endresen, Bull, Tønder

Ei kvinne var blitt skadd som følge av å ha blitt påkøyrd av trikken i Oslo i april 2012. Påkøyrselen skjedde fordi ho kryssa gata på raudt lys utan å sjå seg for. Eigaren av trikken var objektivt ansvarleg for skaden etter jernbaneansvarslova § 9. Den skadelidne og selskapet som hadde forsikra trikken, var einige om at vilkåra etter jernbaneansvarslova § 12 for avkorting i erstatninga på grunn av at medverknaden frå den skadelidne var oppfylt, ueinige om kor stor avkortinga skulle vere. Selskapet hadde lagt ned påstand om avkorting med 75 prosent.

Kvinna fekk medhald i at erstatninga skulle avkortast med 50 prosent, slik ho hadde lagt ned påstand om.

Dommen gir rettleiing for innhaldet i reglane om avkorting i erstatning på grunn av medverknad frå den skadelidne etter jernbaneansvarslova 12, bilansvarslova § 7 første ledd og skadeerstatningslova § 5-1.

Les heile avgjerda

Til toppen