Erstatning i selskapsforhold

Høgsterettsdom 28. juni 2016, HR-2016-1440-A, (sak nr. 2015/2102), sivil sak, anke over dom

A (advokat Odd Jo Forsell) mot B, C (advokat Atle Helljesen)

Dommarar: Noer, Bårdsen, Arntzen, Webster, Tønder

Eit ektepar inngjekk kontrakt med ein gardbrukar på Vestlandet om å leige ein del av ein gard som gardbrukaren kjøpte. Formålet var at ekteparet skulle utvikle staden til reiselivsverksemd. Etter kontrakten skulle ekteparet betale ei betydeleg leige for staden og sette i stand husa på garden mot å få inntektene av verksemda.

Etter kort tid overdrog ekteparet forpliktingane etter kontrakten til eit nyoppretta aksjeselskap. Gardbrukaren meinte at han hadde krav på erstatning for overdraginga, sidan selskapet frå starten hadde svært svak økonomi og ingen realistiske sjansar til å dekke forpliktingane etter kontrakten.

Gardbrukaren fekk medhald, idet fleirtalet av dommarane kom til at overdraginga hadde skjedd til eit underkapitalisert selskap, og at gardbrukaren kunne krevje erstatning etter aksjelova.

Eit mindretal på to dommarar meinte overdraginga av kontrakten ikkje kunne gi grunnlag for erstatning.

Dommen gir rettleiing for krava til kapitalisering av selskap etter aksjelova og kva som skal til for å kunne krevje erstatning ved brot på desse reglane.

Les heile avgjerda

Til toppen