Høvet til å sette fram nye påstandsgrunnlag ved vidare behandling i lagmannsretten etter oppheving i Høgsterett

Høgsterettsdom 17. februar 2016, HR-2016-378-A, (sak nr. 2015/1444), sivil sak, anke over dom

Repstad Anlegg AS (advokat Are Hunskaar) mot Arendal kommune (advokat Kristoffer Wibe Koch)

Dommarar: Bårdsen, Øie, Tønder, Falch, Schei

Høgsterett oppheva lagmannsrettsdommen fordi den ankande parten med urette hadde blitt nekta å gjere gjeldande eit nytt påstandsgrunnlag etter at den siste lagmannsrettsdommen i saka var oppheva av Høgsterett. Det følger av avgjerda i Høgsterett at partane ved vidare behandling i lagmannsretten etter tvistelova § 30-3, jf. § 29-24, har same høve til å sette fram nye påstandsgrunnlag som ved første behandling i lagmannsretten.

Dommen er samrøystes.

Les heile avgjerda

Til toppen