Krav om erstatning ved manglande levering av konsesjonskraft. Force majeure

Høgsteretts dom 9. juni 2016, HR-2016-1235-A, (sak nr. 2015/1951), sivil sak, anke over dom

Hordaland fylkeskommune (advokat Håkon H. Bleken), Rogaland fylkeskommune (advokat Aksel Tannum), Samarbeidande Kraftfylke (SK) (partshjelper) (advokat Håkon H. Bleken), Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (partshjelper) (advokat Per Andreas Bjørgan)

mot

Hydro Energi AS, Røldal-Suldal Kraft AS (advokat Lars Ivar Nyland), Energi Norge (partshjelper) (advokat Steffen Asmundsson)

Dommarar: Utgård, Matheson, Webster, Kallerud, Matningsdal

Saka gjaldt krav om erstatning som følgje av manglande levering av konsesjonskraft. Hovudspørsmålet var om samanbrot av ei røyrleidning til eit kraftverk utgjorde vis major – meir vanleg kalla force majeure, slik at leveringsplikta for kraftverkseigaren mellombels fall bort. 

Høgsterett kom til at skade som følgje av høgare ytre vasstrykk – poretrykk i fjellet – enn det kraftutbyggaren i samsvar med etablert ingeniørerfaring på utbyggingstida hadde rekna med, ikkje gjekk inn under fritak for leveringsplikt grunna force majeure-hending. Kraftverkseigaren vart derfor dømd til å betale fylkeskommunane, som her hadde retten til konsesjonskrafta, erstatning for manglande levering. 

Dommen har interesse for forståinga av force majeure-kravet, særleg ved levering av konsesjonskraft.

Les heile avgjerda her

Til toppen