Straffutmåling og sivile krav ved domfelling for menneskehandel til prostitusjon

Høgsterettsdom 8. desember 2016, HR-2016-2491-A, (sak nr. 2016/1344), straffesak sak, anke over dom og (sak nr. 2016/1681), sivil sak, anke over dom,

sak nr. 2016/1334, straffesak, anke over dom:

I. A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten)

II. B (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten), C (bistandsadvokat Thomas Benestad), D (bistandsadvokat Silje Elisabeth Stenvaag), E (bistandsadvokat Brit Kjelleberg)

sak nr. 2016/1681, sivil sak, anke over dom:

F (advokat Øystein Storrvik) mot C (advokat Thomas Benestad), D (advokat Silje Stenvaag)

Dommarar: Ringnes, Bergsjø, Utgård, Endresen, Øie

Tre kvinner frå Bulgaria var blitt utnytta til prostitusjon i Noreg. For to av dei strekte forholdet seg over ca. eitt år og utbyttet var 1 million kroner. Desse handlingane var eit ledd i aktivitetane til ei organisert kriminell gruppe, jf. straffelova (1902) § 60.

Høgsterett fastsette straffa til fem år og seks månader for hovudmannen og fire år for ein medverkar, som i tillegg hadde utnytta ei anna kvinne til prostitusjon. 

Saka reiste spørsmål om dei fornærma hadde krav på å få tilbakebetalt inntektene dei hadde hatt frå prostitusjonen, og som med urette var tatt frå dei. Høgsterett kom til at mottakarane hadde plikt til å restituere pengane til dei fornærma, og at medverkaren var erstatningsansvarleg for dei same beløpa. 

Dei fornærma blei vidare tilkjent oppreisning. 

Dommen har særleg betydning for spørsmålet om restitusjon og erstatningsansvar for inntekter som er vunne ved menneskehandel. Dommen har utsegner om forholdet til "reproberte" rettsforhold og rettsleg vern for krava som saka gjaldt. Høgsterett tar i dommen ikkje stilling til det generelle spørsmålet om erstatningsrettsleg vern for prostitusjonsinntekter.

Les heile avgjerda

Til toppen