Oppgjer etter heving av kontrakt om oppføring av tilbygg til bustadhus

Høgsterettsdom 28. januar 2016, HR-2016-219-A, (sak nr. 2015/1470), sivil sak, anke over dom

I. A, B (advokat Arne Johansen) mot C (advokat Lars Nygaard)

II. C (advokat Lars Nygaard) mot A, B (advokat Arne Johansen)

Dommarar: Tønder, Matheson, Falch, Bergsjø, Øie

Entreprenøren dømd til å betale tilbake del av akontobetaling.

Kontrakten blei heva da omkring 90 prosent av arbeidet var gjort. Det blei påvist fleire feil og manglar i den delen som var levert. Byggherren hadde da 70 prosent av bygget var ferdig, betalt eit akontobeløp. I samband med hevingsoppgjeret gjorde han gjeldande at entreprenøren berre skulle ha betalt for den delen av bygget som var kontraktsmessig utført, og kravde tilbakebetaling av differansen. Entreprenøren påstod seg frifunnen sidan utbetringskostnadene blei rimelegare enn det avtalte vederlaget. Høgsterett slo fast at det, i samsvar med reglane om prisavslag i bustadoppføringslova, skulle gjerast frådrag i vederlagskravet frå entreprenøren for manglar ved det som var levert på hevingstidspunktet. Ingen av partane vann fram.

Dommen gir rettleiing for berekning av oppgjer ved heving av kontrakt om bygging av bustad.

Les heile avgjerda

Til toppen