Oppheving av overskjønn på grunn av inhabilitet hos skjønnsmannen

Høgsterettsdom 18. april 2016, HR-2016-800-A, (sak nr. 2015/1805), sivil sak, anke over overskjønn

Ing. K. Thidemann AS, B (advokat Marcus Amdahl) mot Verran kommune (advokat Helge Morten Svarva)

Dommarar: Tønder, Webster, Sæbø, Ringnes, Matningsdal

Ein skjønnsmann hadde kort tid før forhandlingane i eit overskjønn vore éin av tre kollegaer av ein takstmann som på oppdrag av eksproprianten hadde registrert og gjort ei verdivurdering av den eksproprierte eigedommen. Taksten var blitt utarbeidd medan skjønnsmannen og takstmannen enno arbeidde same stad, og lagd fram under forhandlingane. Høgsterett fann skjønnsmannen inhabil, og overskjønnet måtte derfor opphevast.

Dommen gir rettleiing om habiliteten til fagkunnige dommarar med kollegial tilknyting til ein person som gir sakkunnig fråsegn i saka.

Dommen er samrøystes.

Les heile avgjerda

Til toppen