Skatterettsleg gjennomskjering i konsernforhold

Høgsterettsdom 18. oktober 2016, HR-2016-2165-A, (sak nr. 2016/722), sivil sak, anke over dom

IKEA Handel og Eiendom AS (advokat Bettina Banoun) (advokat Thomas Alexander Beck) mot Staten v/Skatt øst (advokat Jon Vinje) Rettsleg medhjelpar: (advokat Morten Søvik)

Dommarar: Matheson, Bergh, Falch, Bårdsen, Indreberg 

Høgsterett kom samrøystes til at eit selskap måtte nektast rett til frådrag for renter på eit betydeleg konserninternt lån etter dei ulovfesta reglane om gjennomskjering i skatteretten.

Skattytaren hadde reorganisert eigarskapen til eigedommane sine ved at dei først blei fisjonerte ut vederlagsfritt og lagde under eit eige eigedomsselskap som var eigd av konsernet. Skattytaren kjøpte seinare eigedomsselskapet av morselskapet og fekk da eigedommane tilbake i indirekte eige. Kjøpesummen var 2,1 milliardar kroner og blei finansiert ved et konserninternt lån. Skattytaren blei etter dei ulovfesta gjennomskjeringsreglane nekta rett til frådrag for rentene på lånet. Disposisjonane fell utanfor området for gjennomskjeringsregelen i skattelova § 13-1.

Avgjerda avklarar bruksområdet for skattelova § 13-1 og gir eit eksempel på når den ulovfesta regelen kjem til bruk, og dei vurderingane som blir gjorde i samband med det.

Les heile avgjerda

Til toppen