Søksmålsfristen for overprøving av avgjerder i trygderetten løper i rettsferiane

Høgsterettsavgjerd 18. mai 2016, HR-2016-1052-A, (sak nr. 2015/2246), sivil sak, anke over avgjerd

Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Hallvard Gilje Aarseth) mot A (advokat Caroline Lund)

Dommarar: Webster, Matheson, Falch, Noer, Skoghøy

A hadde fått avslag på søknad om uførepensjon. Fristen for å bringe saka inn for lagmannsretten er 6 månader. Høgsterett kom til at fristen begynte å løpe da As prosessfullmektig mottok avgjerda i trygderetten, og at fristen løper i rettsferiane.

Avgjerda avklarer spørsmål om oppstarten av og lengda på søksmålsfristen.

Les heile avgjerda

Til toppen