Spørsmål om utskriving frå tvunge psykisk helsevern

Høgsterettsdom 16. juni 2016, HR-2016-1286-A, (sak nr. 2016/797), sivil sak, anke over dom

A (advokat Fredrik Undheim) mot staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Stein-Erik Jahr Dahl)

Dommarar: Bårdsen, Normann, Falch, Noer, Øie

Høgsterett kom til at det framleis var grunnlag for tvunge psykisk helsevern.

Ei 54 år gammal kvinne som i nesten 15 år hadde hatt diagnosen paranoid schizofreni, bad om å bli skriven ut frå tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald. I saka var det i første rekke spørsmål om tolkinga av uttrykket "i meget nær framtid" i psykisk helsevernlova § 3-3 første ledd nr. 3 bokstav a – "forverringsalternativet" – for pasientar som blir medisinerte med førstegenerasjons antipsykotika i depot. Høgsterett kom til at det måtte gjelde same tidsgrense for desse pasientane som for pasientar som blir behandla med andregenerasjons antipsykotika, det vil seie tre til fire månader, jf. Rt. 2014 side 801.

Les heile avgjerda

Til toppen