Drosjeappen Haxi

Høgsterettsdom 30. juni 2016, HR-2016-1458-A, (sak nr. 2016/477), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arvid Malde) mot A, B, C (advokat Erik Ulvesæter)

Dommarar: Bårdsen, Falch, Matheson, Indreberg, Skoghøy

Høgsterett forkasta anken over frifinningsdommen i lagmannsretten.

Tre menn var tiltalte for å utføre persontransport mot vederlag utan nødvendig løyve, jf. yrkestransportlova § 4 første ledd andre punktum, jf. § 41. Høgsterett var einig med tingretten og lagmannsretten, som hadde konkludert med at det å tilby transport via mobilapplikasjonen Haxi ikkje fall inn under lova ettersom Haxi ikkje kunne reknast som "offentlig sted" ifølge denne lova.

Dommen bidrar til å avklare når ein må ha løyve for å utføre persontransport mot vederlag, stadfestar at det gjeld eit strengt lovkrav i straffesaker, og peiker på at det er ei lovgivaroppgåve å ta stilling til ei eventuell utviding av den straffesanksjonerte plikta til å ha løyve etter yrkestransportlova § 4.

Les heile avgjerda

Til toppen