Habilitet for lagdommar

Høgsterettsdom og -avgjerd 4. april 2016, HR-2016-681-A, (sak nr. 2015/2166), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)

Dommarar: Ringnes, Bårdsen, Webster, Arntzen, Utgård

I ei straffesak om menneskehandel som omfatta fem tiltalepostar, oppheva Høgsterett dommen, ankeforhandlinga og silingsavgjerda i lagmannsretten fordi ein lagdommar som deltok ved ankesilinga, var inhabil.

Lagdommaren var gift med ein kollega av bistandsadvokaten til den fornærma under eit av tiltalepunkta. Dei var partnarar i eit advokatfirma med tre advokatar. Høgsterett kom til at dette medførte inhabilitet etter domstollova § 108, og at dommen, ankeforhandlinga og silingsavgjerda i lagmannsretten derfor måtte opphevast.

Avgjerda gir rettleiing for vurdering av habilitet når ein dommar er gift med ein partnar i eit mindre advokatfirma, og for verknaden av inhabilitet når inhabiliteten direkte berre knyter seg til éin av fleire tiltalepostar.

Les heile avgjerda

Til toppen