Lovbruk og straffutmåling ved medverknad til grov korrupsjon

Høgsterettsdom 30. august 2016, HR-2016-1835-A, (sak nr. 2016/456), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Guro Hansson Bull) mot A (advokat Arne Gunnar Aas)

Dommarar: Falch, Bergsjø, Matheson, Bull, Indreberg

Medverknaden til grov korrupsjon bestod i at den domfelte – som tilsett i eit selskap – hadde attestert falske fakturaer frå ein av leverandørane til selskapet, slik at leverandøren kunne utføre vederlagsfritt arbeid heime hos den administrerande direktøren for selskapet.

Høgsterett kom, som lagmannsretten, til at den domfelte – for den same attestasjonshandlinga – ikkje også kunne dømmast for grov utruskap, jf. straffelova (1902) § 275 tredje ledd.

Straffa blei sett til fengsel i 9 månader, etter frådrag for tilståing og lang saksbehandlingstid. Det blei lagt vekt på at den domfelte hadde ei mindre rolle og mindre forsett enn dei andre involverte. Han hadde fått i oppdrag av ein overordna å delta i gjennomføringa av korrupsjonen.

Anken frå påtalemakta blei forkasta.

Les heile avgjerda

Til toppen