Straff for valdtekt etter gjenopning

Høgsterettsdom 5. februar 2016, HR-2016-287-A, (sak nr. 2015/2087), straffesak, anke over dom

A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs)

Dommarar: Noer, Indreberg, Normann, Bergsjø, Øie

Ein ung mann var dømd til fengsel i 2 år og 10 månader for valdtekt av ei overstadig rusa 15 år gammal jente, gjord av fleire i fellesskap. Valdtekta skjedde ved at han og ein annan dytta tuten av ei ølflaske inn i vaginaen til den fornærma éin gong kvar medan ho sov som følge av rus.

Saka blei gjenopna da det viste seg at evnenivået til den domfelte tilsvarte lettare grad av psykisk utviklingshemming. Som følge av det, andre psykiske problem hos den domfelte og tidsbruken blei straffa no sett til fengsel i 1 år og 6 månader.

Les heile avgjerda

Til toppen