Straffutmåling - Dyrevelferd

Høgsterettsdom 9. november 2016, HR-2016-2285-A, (sak nr. 2016/1234), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Morten Schjetne) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarar: Normann, Indreberg, Matheson, Bull, Matningsdal

Straffa for grovt brot på dyrevelferdslova § 37 andre ledd saman med § 24 blei fastsett til fengsel i eitt år og åtte månader. 

Den domfelte dreiv kjøttproduksjon basert på storfehald og hadde i midten av desember 2014 ei besetning på rundt 90 dyr. Fram til dette tidspunktet var dyrehaldet på garden alminneleg godt med tanke på dyrevelferd. Den domfelte, som tidlegare hadde hatt hjelp av faren med gardsstellet, fekk da beskjed om at faren hadde fått diagnosen Alzheimers sjukdom. Rett etter dette slutta den domfelte å gå i fjøset. Han forklarte at han fekk ein psykisk reaksjon. Etter å ha mottatt ei bekymringsmelding tok Mattilsynet 20. mars 2015 seg inn i fjøset saman med politiet. Besetninga på 92 dyr var døde. Tingretten la ved avgjerda av skuldspørsmålet til grunn at det siste dyret døydde i midten av februar. Høgsterett kom til at straffa som utgangspunkt skulle fastsettast til fengsel i eitt år og ti månader. Det blei gitt eit avgrensa tilståingsfrådrag på to månader. 

Dommen gir rettleiing for straffenivået ved store dyretragediar.

Les heile avgjerda

Til toppen