Straffutmåling etter helikopterhavari

Høgsterettsdom 25. august 2016, HR-2016-1802-A, (sak nr. 2016/731), straffesak, anke over dom

A (advokat Sveinung Eliassen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat May-Britt Erstad)

Dommarar: Noer, Bergh, Ringnes, Bårdsen, Tønder

Ein 51 år gammal helikopterpilot blei dømd til fengsel i 60 dagar etter eit helikopterhavari som kom av brot på luftfartsregelverket og uforsvarleg manøvrering av helikopteret.

Mannen hadde utført ei såkalla akroflyging – dvs. ei brå og kraftig endring av stillinga til fartøyet – som enda med forlis. Ingen av dei fem om bord fekk store skadar, men helikopteret blei øydelagt. Manøveren og flyginga gjekk føre seg nærmare terrenget enn 150 meter, noko som var lågare enn det som var tillate.

På bakgrunn av skaderisikoen, skadepotensialet ved manøveren og at piloten som yrkessjåfør opptredde grovt aktlaust, blei straffa sett til 60 dagars fengsel.

Les heile avgjerda

Til toppen