Straffutmåling for deltaking i og materiell støtte til terrororganisasjonen ISIL

Høgsterettsdom 28. juni 2016, HR-2016-1422-A, (sak nr. 2016/554), straffesak, anke over dom

I. A (advokat Marius O. Dietrichson) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Fredrik Glent)

II. B (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Fredrik Glent)

III. C (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Fredrik Glent)

Dommarar: Webster, Arntzen, Noer, Bårdsen, Tønder

Straffa for å slutte seg til ISIL og tenestegjere som "meinig" for organisasjonen i Syria blei som utgangspunkt sett til fengsel i fire år og seks månader. Straffa for forsøk på å sende materiell støtte til ein framandkrigar, mellom anna i form av militære klede, blei sett til fengsel i seks til sju månader.

Dommen avklarar straffenivået for å delta som framandkrigar i ISIL. Han gir også rettleiing for straffenivået ved materielle støtte til ISIL.

Les heile avgjerda

Til toppen