Straffutmåling for gjentatte tilfelle av onani i nærvær av ei mindreårig dotter

Høgsterettsdom 30. juni 2016, HR-2016-1467-A, (sak nr. 2016/558), straffesak, anke over dom

A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Trude Elisabeth Sparre)

Dommarar: Kallerud, Indreberg, Skoghøy, Stabel, Matningsdal

Den domfelte hadde ved meir enn ti høve onanert i nærvær av den 14 år gamle dottera si. Handlingane blei utførte medan ho hadde samvær med faren sin i det som under samværa var heimen hennar. Tillitsbrotet det innebar over tid å utsetje den mindreårige dottera for si eiga seksualiserte åtferd, vog tungt ved straffutmålinga. Den domfelte hadde ved nokre høve også pressa henne til å vere vitne til onaneringa. 

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 120 dagar. Høgsterett skjerpa straffa til seks månader.

Dommen gir rettleiing for straffenivået ved denne typen lovbrot.

Les heile avgjerda

Til toppen