Kompetansen til Arbeidsretten

Høgsterettsdom 20. april 2017, HR-2017-777-A, (sak nr. 2016/1884), sivil sak, anke over dom

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Nokas AS (advokat Margrethe Meder) mot Landsorganisasjonen i Norge (LO) (advokat Einar Stueland)

Dommarar: Bårdsen, Matheson, Berglund, Bull, Utgård

Høgsterett slo fast at Arbeidsretten har kompetanse til å kjenne ei oppseiing ugyldig på tariffrettsleg grunnlag.

I samband med ei nedbemanning på Sola Heliport utanfor Stavanger sa Nokas AS i november 2015 opp 19 tilsette. Det oppstod ueinigheit med omsyn til den utvalskretsen som danna grunnlaget for oppseiingar etter ansiennitetsprinsippet i Hovudavtalen § 8-2. Arbeidsretten slo fast at utvalskretsen hadde vore for snever, og sa dom for at oppseiingane var tariffstridige og ugyldige.

NHO gjorde gjeldande for Høgsterett at Arbeidsretten ikkje har kompetanse til å kjenne oppseiingar ugyldige. Høgsterett forkasta anken.

Dommen avklarar spørsmål omkring kompetansen til Arbeidsretten.

Les heile avgjerda

Til toppen