Grensa mellom livs- og dødsdisposisjon

Høgsterettsdom 5. april 2017, HR-2017-716-A, (sak nr. 2016/2156), sivil sak, anke over dom

A (advokat Helge Skaaraas) mot B, C (advokat Thormod Bjerkholt)

Dommarar: Kallerud, Falch, Kaasen, Berglund, Utgård

Overdraginga av ein odelsgard frå far til yngste son var ikkje en dødsdisposisjon. Eigedommen gjekk dermed ikkje inn i dødsbuet etter faren, og den eldste sonen hadde ikkje rett til å overta garden på skiftet etter reglane om åsetesrett. 

Ein ulækjeleg kreftsjuk arvelatar overførte slektsgarden til den yngste sonen sin om lag eit halvt år før han gjorde sjølvmord. Overføringa av garden hadde realitet for han medan han var i live, og blei sett på som livsdisposisjon. 

Dommen gir rettleiing for grensedraginga mellom livs- og dødsdisposisjonar, særleg når det gjeld overføring av fast eigedom som ledd i eit generasjonsskifte.

Les heile avgjerda

Til toppen