Oppgjer mellom forsikringsselskap etter brann ved tining av røyr med hårfønar

Høgsterettsdom 18. oktober 2017, HR-2017-1977-A, (sak nr. 2017/613), sivil sak, anke over dom

SpareBank 1 Skadeforsikring AS (advokat Ståle Hovda) mot Gjensidige Forsikring ASA (advokat Anette Fjeld)

Dommarar: Indreberg, Høgetveit Berg, Falch, Ringnes, Tønder

Under tininga av eit frose vassrøyr i ein eldre bygard oppstod det brann. Vassrøyret låg inne i ei lukka sjakt i eit kjøkken, og tininga skjedde ved hjelp av ein hårfønar som blei stukken inn i eit lite hòl i sjakta. Forsikringsselskapet til bustadaksjeselskapet kravde at forsikringsselskapet til skadevaldaren skulle dekke utgiftene til utbetring så langt ansvarsforsikringa hans rakk.

Eit slikt krav kan berre føre fram dersom skadevaldaren har valda skaden forsettleg eller grovt aktlaust. Høgsterett kom under dissens 3–2 til at skadevaldaren hadde opptredd grovt aktlaust.

Dommen gir rettleiing om grensa mellom simpel og grov aktløyse.

Les heile avgjerda

Til toppen