Refusjon etter opparbeiding av veg

Høgsteretts dom 7. juni 2017 HR-2017-1125-A, (sak nr. 2016/2077), sivil sak, anke over dom

Jessheim Byutvikling AS, Veidekke Industri AS (advokat Sam E. Harris) mot Staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Helge Røstum)

Dommarar: Høgetveit Berg, Berglund, Bergh, Kallerud, Bårdsen

Veidekke Industri AS og Jessheim Byutvikling AS vart pålagt å betale refusjon etter at Ullensaker kommune hadde opparbeidd Henrik Bulls veg i Jessheim sentrum. 

Høgsterett kom til at ein ved bruken av vilkåret "den verdiøkning som tiltaket antas å føre med seg for eiendommen" i plan- og bygningslova § 18-7 andre ledd ikkje kan sjå bort frå verdireduserande råderettsavgrensingar i den gjeldande reguleringsplanen – og med det den meirverdien som ligg i opparbeidinga av refusjonstiltak slik at arealet blir byggeklart. 

Avgjerda avklarar innhaldet i og rekkevidda av vilkåret "verdiøkning" i plan- og bygningslova § 18-7 andre ledd.

Les heile avgjerda

 

Til toppen