Sakshandsaming ved vedtak om familieinnvandring

Høyesteretts dom 14. desember 2017, HR-2017-2376-A, (sak nr. 2017/1114), sivil sak, anke over dom,

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Karl Otto Torheim) mot A (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Høgetveit Berg, Bergh, Indreberg, Ringnes, Matningsdal

Eit vedtak frå UNE vart ikkje funne ugyldig ut frå tre påståtte sakshandsamingsfeil; manglande førehandsvarsel, utgreiing og grunngjeving. Vedtaket var heller ikkje i strid med Grunnlova § 102 eller EMK artikkel 8. 

Ein far søkte om familieinnvandring etter utlendingslova § 49. Han hadde ein son i Noreg med ei norsk kvinne. Det offentlege hadde teke over omsorga for sonen. Faren hadde samværsrett med sonen to timar fire gonger i året.

Utlendingsnemnda fann at det ikkje låg føre "sterke menneskelige hensyn" etter utlendingslova § 49 og avslo søknaden. Høgsterett kom til at det ikkje låg føre sakshandsamingsfeil som medførte at vedtaket var ugyldig. Vedtaket var heller ikkje i strid med Grunnlova § 102 eller EMK artikkel 8. 

Dommen gjev rettleiing for innhaldet i reglane om førehandsvarsel og utgreiing, jf. forvaltingslova §§ 16 og 17, samt om grunngjevingsplikta i utlendingsforskrifta § 17-1 a.

Les heile avgjerda her

Til toppen