Leilegheit seld "som den er" fekk nye skadar i perioden mellom synfaring og overtaking

Høgsterettsdom 15. februar 2017, HR-2017-345-A, (sak nr. 2016/1293), sivil sak, anke over dom

Didde Sloth Christensen og Anita Aamodt Enersen (advokat Jarl M. Henstein) mot Geir Ove Molvig Bratlie og Heidi Elisabeth Nilsen (advokat Thomas Andersen)

Dommarar: Webster, Falch, Noer, Kallerud, Øie 

Kjøparane hadde rett til prisavslag.

Etter at kjøparane hadde vore på synfaring på eigedommen, men før overtakinga, oppstod det lekkasjar i dei to bada i leilegheita. Årsaka til lekkasjane var mellom anna skjulte svakheiter ved tettinga ved sluka. Seljarane heldt fram at ettersom desse svakheitene var til stades ved salet, måtte dei nye skadane vere ein risiko for kjøparane. Høgsterett kom til at nye skadar er ein risiko for seljaren også der dei nye skadane kjem av svakheiter som var til stades ved synfaringa, og som var ein risiko for kjøparane.

Dommen avklarar rekkjevidda av "som den er"-atterhald.

Les heile avgjrda

Til toppen