Utlendingsrett

Høgsterettsdom 17. mars 2017, HR-2017-569-A, (sak nr. 2016/1379), sivil sak, anke over dom

A (advokat Dag Holmen), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (partshjelper) (advokat Terje Einarsen) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Jørgen Vangsnes)

Dommere: Noer, Kaasen, Arntzen, Matheson, Tønder

Ein mann frå Etiopia fekk ikkje medhald i at han hadde krav på status som flyktning etter utlendingslova § 28. 

Bakgrunnen for asylsøknaden var at mannen i Noreg hadde vore aktiv i eit politisk parti som var forbode i Etiopia, og at han frykta å bli forfølgd i heimlandet på grunn av dette. Søknaden blei avslått fordi utlendingsmyndigheitene meinte at hovudformålet med den politiske aktiviteten i Noreg var å oppnå asylstatus her, jf. utlendingslova § 28 fjerde ledd. Han hadde mellombels opphaldsløyve og vern mot retur. 

For Høgsterett var spørsmålet om reglane i utlendingslova – som gav rett til å nekte flyktningstatus i slike tilfelle – var i strid med flyktningkonvensjonen. Høgsterett konkluderte med at føresegna ikkje var folkerettsstridig. 

Dommen gir rettleiing for korleis ein skal forstå flyktningdefinisjonen etter utlendingslova og flyktningkonvensjonen.

Les heile avgjerda

Til toppen