Straff for ulovleg hummarfiske

Høgsteretts dom 18. oktober 2017, HR-2017-1978-A, (sak nr. 2017/1268), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Høgetveit Berg, Falch, Indreberg, Bergsjø, Tønder

Ein tidlegare yrkesfiskar vart dømt til fengsel i 21 dagar for ei rekkje brot på havressurslova og våpenlova. Han hadde ved eitt høve fiska hummar utanfor sesongen. Nokre av humrane bar utvendig rogn medan nokre av humrane var under minstemålet.

I tillegg hadde han ved eitt høve fiska med ruser utanfor sesongen. Tidlegare domfelling og to brot på våpenlova vart vektlagt som skjerpande moment.

Korkje fiskarens alder (82 år) eller vedgåing av straffeskuld vart vektlagt nemneverdig i formildande retning. Han vart vidare frådømt retten til å utøve fiske og dømt til å tole inndraging av reiskapar mv. 

Fiskaren vart frifunnen for brot på deltakarlova. Han hadde påført sitt fiskerimerke på ein annan sjark utan løyve. Dette var ikkje ei krenking av deltakarlova § 4. 

Dommen gjev rettleiing om straffutmålinga ved ulovleg fiske.

Les heile avgjerda

Til toppen