Straffutmåling for oppbevaring av amfetamin – spørsmål om tilståingsfrådrag

Høgsterettsdom 21.desember 2017, HR-2017-2444-A, (sak nr. 2017/1782), straffesakm anke over dom. A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Erik Førde)

Dommere: Bull, Indreberg, Normann, Bergsjø, Øie

Høgsterett la til grunn at oppbevaring av 1,2 kg amfetamin av til dels låg styrkegrad i utgangspunktet kvalifiserte til ei straff på fengsel i to år og ni månader.

Det blei gitt eit frådrag på 35 prosent fordi politiet ikkje ville ha oppdaga stoffet dersom det ikkje hadde vore for at gjerningspersonen hadde fortalt politiet om lageret.

Det blei også lagt vekt på at tilståinga førte til at partiet ikkje kom på marknaden.

Dommen gir rettleiing om storleiken på tilståingsfrådrag.

Les heile avgjerda

Til toppen