Odelsrett etter brot på sambuarskap

Høyesteretts dom 6. juni 2019, HR-2019-1074-A, (sak nr. 18-177508SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Audun Gjøstein) mot B (advokat Knut Westrum)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Bergsjø, Arntzen, Thyness 

Saka gjaldt spørsmålet om ein mann hadde erverva odelsrett til eit gardsbruk i Eidsvoll kommune. Høgsterett ga han medhald i at hevdstida var fullført, og at han dermed hadde odelsrett. 

Mannen hadde eigd eigedommen saman med sambuaren frå 1996 til 2006, før han overtok som eineeigar etter at sambuarforholdet blei brote. Eigedommen blei seld ved tvangssal i 2017, og mannen fremma da krav om odelsløysing. 

Høgsterett kom til at sambuartida frå 1996 til 2006 måtte takast med når hevdstida skulle bereknast, sjølv om sambuarar først ved ei lovendring i 2009 fekk rett til samodling. 

Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå odelslova § 15 fjerde ledd og overgangsreglane som blei gitt ved innføringa av føresegna.

Les heile avgjerda

Til toppen