Inndragning etter straffeloven

Høyesteretts dom 14. mars 2019, HR-2019-514-A, (sak nr. 18-188925STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Påtalemyndigheten (statsadvokat Carl Graff Hartmann) mot A (advokat Petter Sogstad Grannes)

Dommere: Øie, Endresen, Normann, Kallerud, Høgetveit Berg

Inndraging etter straffelova §§ 69 og 70. 

Tiltalte var domfelt for mellom anna produksjon og oppbevaring av framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn. Han hadde gjeve samtykke til inndraging av datautstyr som var brukt ved lovbrotet. Spørsmålet i saka var om ytterlegare utstyr kunne inndragast. 

Høgsterett kom til at utstyret korkje kunne inndragast etter straffelova §§ 69 eller 70. 

Det var tale om svært mange komponentar – mellom anna datamaskiner, harddiskar, minnepinnar og andre lagringseiningar – som korkje var knytte saman fysisk eller funksjonelt. Påtalemakta fekk ikkje medhald i at dette utstyret, saman med det utstyret det allereie var gjeve samtykke til inndraging av, måtte reknast som ein og same tingen etter straffelova § 69. 

Også i relasjon til straffelova § 70 måtte utstyret reknast som fleire ting. Høgsterett kom vidare til at det ikkje var fare for uoppretteleg skade ved tilbakelevering av utstyret. Det var såleis heller ikkje heimel for førebyggande inndraging etter straffelova § 70. 

Avgjerda gjev rettleiing for bruken av straffelova §§ 69 og 70.

Les heile avgjerda her

Til toppen