Jordskiftelagdommars kompetanse ved overskjønn

Høgsteretts orskurd 7. mai 2020, HR-2020-959-A, (sak nr. 20-016588SIV-HRET), anke over vedtak.

Boganesveien 118 Seksjon 5 AS, Martin Josef Feldmann, Boganesveien 118 AS, Kristine Refvik, Martin Feldmann Tannteknikk AS, Christian Mathias Tønnessen, A'head Executive AS, Tannlege Christian Tønnessen AS, Ahead Eiendom AS (advokat Ellen Cecilie Mostad) mot Rogaland fylkeskommune (advokat Øystein Hus)

Rt-2020-

Dommarar: Indreberg, Normann, Ringnes, Falch, Høgetveit Berg

Lagmannsretten hadde sett jordskiftelagdommaren til å styre eit overskjønn til prøving av eit skjønn som kom frå tingretten. Lovtolkingsspørsmålet i saka var om skjønnsprosesslova § 34 fyrste ledd gjev ei uttømande regulering av jordskiftelagdommarars kompetanse i slike overskjønn.

Høgsteretts fleirtal (4-1) kom til at skjønnsprosesslova § 34 fyrste ledd, ut frå lovførearbeida og føremålet med opprettinga av jordskiftelagdommarordninga, må tolkast innskrenkande i samsvar med domstollova § 12 andre ledd andre punktum. Dette inneber at saka må gjelde bruks- eller eigedomsrett til fast eigedom.

Då lagmannsrettens avgjerd om å nytte jordskiftelagdommaren som skjønnsstyrar i overskjønnet bygde på feil lovforståing, vart vedtaket oppheva.

Mindretalet kom til at det ikkje var grunnlag i lova eller førearbeida for ei slik innskrenknande tolking.

Avgjerda har tyding for bruken av jordskiftelagdommarar ved overprøving av skjønn som har vore handsama i tingretten i fyrste instans.

Les heile avgjerda

Til toppen