Grunnlova § 112 og gyldigheita av ein kongeleg resolusjon om tildeling av utvinningsløyve for petroleum

Høgsteretts dom 22. desember 2020, HR-2020-2472-P, (sak nr. 20-051052SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Natur og Ungdom, Föreningen Greenpeace Norden, Naturvernforbundet (partshjelpar) og Besteforeldrenes klimaaksjon (partshjelpar) (advokat Emanuel Feinberg og advokat Cathrine Hambro) mot Staten v/Olje- og energidepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Fredrik Sejersted, rettsleg medhjelpar advokat Anders Flaatin Wilhelmsen)

Dommarar: Øie, Skoghøy, Webster, Matheson, Falkanger, Normann, Bull, Kallerud, Ringnes, Falch, Bergh, Østensen Berglund, Høgetveit Berg, Thyness, Steinsvik

Høgsterett i plenum – femten dommarar – sa 22. desember 2020 dom i det såkalla klimasøksmålet. Anken over lagmannsrettens dom, der staten vart frifunnen, vart forkasta med elleve mot fire røyster. Mindretalet kom til at anken måtte føre fram så langt han gjaldt tildeling av utvinningsløyve i Barentshavet søraust.

Saka gjeld gyldigheita av ein kongeleg resolusjon om tildeling av ti utvinningsløyve for petroleum på den norske kontinentalsokkelen i Barentshavet sør og Barentshavet søraust, den 23. konsesjonsrunden. Resolusjonen frå 2016 var tufta på samtykke frå Stortinget mellom anna gjennom vedtak om opning av Barentshavet for petroleumsverksemd i 1989 og 2013.

Saka reiste særleg spørsmål om vedtaket er i strid med Grunnlova § 112 om retten til miljø, men også om vedtaket er i strid med Grunnlova § 93 om retten til liv eller § 102 om retten til privatliv og familieliv og dei tilsvarande rettane i Den europeiske menneskerettskonvensjonen – EMK – artikkel 2 og 8, eller om vedtaket elles er ugyldig som fylgje av sakshandsamingsfeil.

Grunnlova § 112

Hovudspørsmålet var om Grunnlova § 112 om retten til miljø gjev borgarane individuelle rettar som dei kan gjera gjeldande direkte for domstolane – og kor langt domstolane kan overprøve vedtak frå Stortinget på dette området. Saka gav ikkje grunnlag for å vurdere kor inngåande forvaltningsvedtak som Stortinget ikkje har vore involvert i, skal kunne prøvast.

Høgsterett kom, særlig på bakgrunn av førehistoria og førearbeida til grunnlovsføresegna, samrøystes til at det klare utgangspunktet er at det er opp til styresmaktene kva for miljøtiltak som skal setjast i verk. Grunnlova § 112 vil likevel kunne nyttast direkte for domstolane når det gjeld miljøproblem som lovgjevarane ikkje har teke stilling til.

Høgsterett kom  til at Grunnlova § 112 også må forståast som ein tryggingsventil, sjølv om Stortinget har handsama saka. For at domstolane skal kunne setja til side eit lovvedtak, må Stortinget grovt ha sett til side pliktene sine etter § 112 tredje ledd. Dette må gjelde også ved andre stortingsvedtak og vedtak som Stortinget har samtykt til. Terskelen er fylgjeleg svært høg.

På bakgrunn av det strenge vilkåret for overprøving kom Høgsterett til at vedtaket klart ikkje var ugyldig på grunnlag av Grunnlova § 112.

Høgsterett viste til at det er sett i verk ei rekkje generelle og spesifikke tiltak for å redusere dei nasjonale utsleppa av klimagassar – mellom anna CO2-avgift, satsing på fornybar energi, støtte til teknologi for karbonfangst og -lagring, støtte til grøn teknologi og grøn omstilling elles, og ikkje minst tilslutning til EUs kvotesystem. For utslepp av klimagassar ved forbrenning i utlandet etter norsk eksport av petroleum, meinte Høgsterett at ein må akseptere at Stortinget og regjeringa byggjer norsk klimapolitikk på den ansvarsfordelinga mellom statar som fylgjer av internasjonale avtaler. Her gjeld prinsippet om at kvar stat er ansvarleg for den forbrenninga som skjer på eige territorium. Endeleg viste Høgsterett til at det gjeld eit strengt tryggingsregime på norsk sokkel som skal sikre mot lokale miljøskadar.

Eit kjernepunkt for miljøorganisasjonane var at Noreg må ta ein proporsjonalt større del av klimakutta, både fordi me har produsert olje og gass som har ført med seg store utslepp, og fordi me har den økonomiske kapasiteten. Noreg måtte difor, vart det hevda, kutte minst 60 prosent i klimagassutsleppa innan 2030. Miljøorganisasjonane gjorde også gjeldande at fram til det ligg føre eit detaljert rettsleg rammeverk og klimarekneskap, kan styresmaktene ikkje setja i gang utvinning i nye område.

Etter Høgsteretts syn kunne ein i eit gyldigheitssøksmål som dette ikkje setje slike spesifikke krav med grunnlag i Grunnlova § 112. Ein må ta utgangspunkt i det konkrete vedtaket. Argumentasjon til miljøorganisasjonane innebar at sentrale delar av den norske petroleumspolitikken, med utvinning og eksport, vart sett på prøve. Dette låg det utanfor rammene av det Høgsterett kunne ta stilling til.

Grunnlova § 93 og EMK artikkel 2, og Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8

Høgsterett kom vidare samrøystes til at vedtaket heller ikkje er i strid med Grunnlova § 93 og EMK artikkel 2 om retten til liv eller Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8 om retten til privatliv og familieliv. Miljøorganisasjonane hadde under ankeforhandlinga særleg vist til Urgenda-saka frå Nederland. Men denne dommen har liten overføringsverdi til det norske klimasøksmålet. For det fyrste gjaldt Urgenda-saka spørsmål om den nederlandske regjeringa kunne redusere dei generelle utsleppsmåla som dei alt hadde fastsett. Det var såleis ikkje tale om å forby eit særleg tiltak eller moglege framtidige utslepp. For det andre var det ikkje tale om eit gyldigheitssøksmål mot eit forvaltningsvedtak.

Sakshandsaminga

Fleirtalet på elleve dommarar meinte at det ikkje låg føre feil ved sakshandsaminga, og at eventuelle feil under alle omstende ikkje hadde verka inn på vedtaket.

Eit mindretal på fire dommarar meinte det var gjort sakshandsamingsfeil ved opninga av Barentshavet søraust i 2013, ved at moglege framtidige globale utslepp av klimagassar ikkje var vurderte i konsekvensutgreiinga som låg til grunn for opninga. Dette måtte etter deira syn føre til at opninga av Barentshavet søraust måtte vurderast på nytt, basert på ei ny konsekvensutgreiing.

Les heile avgjerda her

Til toppen