Gyldigheita av likninga av to allmennaksjeselskap

Høgsteretts dom, 17.09.2014, HR-2014-01847-A, (sak nr. 2014/384), sivil sak, anke over dom

Bonheur ASA og Ganger Rolf ASA (advokat Bettina Banoun) mot staten v/Skatt øst (advokat Sture Nilsson)

Dommarar: Mathesonm, Øie, Bårdsen, Ringnes, Tjomsland

Saka gjaldt gyldigheita av likninga av to allmennaksjeselskap. Det var avtalt endringar i ein konvertibel obligasjon. Endringane gjekk ut på at fordringselementet i obligasjonen blei skilt frå teikningsretten ved at retten til å krevje å få aksjar utferda kunne nyttast uavhengig av fordringa. Fordringa blei verande uendra. Spørsmålet var om ein gevinst ved realisasjon av teikningsretten i eit slikt tilfelle er omfatta av fritaksmetoden i skattelova § 2-38 andre ledd bokstav c.

Slik Høgsterett såg det, var det avgjerande spørsmålet om endringsavtalen innebar realisasjon av den konvertible obligasjonen i skatterettsleg forstand. Under tilvising til dei heilt grunnleggjande endringane i karakter og innhald i det opphavlege instrumentet blei svaret ja. Høgsterett kom samrøystes til at det måtte leggjast skatt på gevinstar som ved realisasjon av fordring, slik som allereie avgjort i Rt. 2011 side 1620 (REC).

Les heile avgjerda

Til toppen