Kompensasjon for meirverdiavgift for privat vidaregåande skule

Høgsteretts dom 19. desember 2019, HR-2019-2391-A, (sak nr. 19-104671SIV-HRET), sivil sak, anke over dom. 

Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Alf Henrik Evjenth Kolderup)
mot Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College (advokat Erlend Øen)

Dommarar: Øie, Webster, Noer, Høgetveit Berg, Steinsvik

Saka gjaldt gyldigheita av Skattedirektoratets vedtak om tilbakeføring av utbetalt kompensasjon for meirverdiavgift. Spørsmålet var om ein privat vidaregåande skule gav eit utdanningstilbod som fylkeskommunen er «pålagt å utføre ved lov» etter lov om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 2 fyrste ledd bokstav c.

Høgsterett kom til at det ikkje er eit vilkår for kompensasjon at undervisninga oppfyller fylkeskommunens plikt til å tilby undervisning på ein slik måte at elevens rettskrav på undervisning frå fylkeskommunen fell bort.

Høgsterett kom derimot til at dei konkrete undervisningstenestene som skulen tilbaud, ikkje var oppgåver som fylkeskommunen var «pålagt å utføre ved lov». Det var då ikkje grunnlag for kompensasjon.

Dommen bidreg til avklaring av uttrykket «pålagt å utføre ved lov» etter lov om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 2 fyrste ledd.

Les heile avgjerda her

Til toppen