Spørsmål om oppreising etter påstått aldersdiskriminering i samband med tilsetjing av førstekonsulent

Høgsteretts dom, 15.03.2012, HR-2012-00580-A, (sak nr. 2011/1714), sivil sak, anke over dom

A (advokat Jan Arild Vikan) mot staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (advokat Erik Bratterud)

Dommarar: Bårdsen, Bergsjø, Noer, Skoghøy, Tjomsland

Saka gjeld oppreising etter påstått aldersdiskriminering i samband med tilsetjing av førstekonsulent ved Nav X. A søkte stillinga. Han var utdanna sosionom med spesialisering og tilleggsutdanning og hadde betydeleg erfaring frå helse- og omsorgssektoren – mellom anna som sosialkurator og som helse- og sosialsjef. A blei ikkje kalla inn til intervju. Hovudspørsmålet i saka var om det var As alder som gjorde at han ikkje blei vurdert som aktuell til stillinga – på søknadstidspunktet var han 61 år gammal.

Høgsterett var einig med partane i at det var omstende i saka som tilsa ei mogleg aldersdiskriminering. Regelen om ”delt bevisbyrde” i arbeidsmiljølova § 13-8 kom derfor til bruk. Staten måtte da gjere sannsynleg at det var andre grunnar enn alder som gjorde at A ikkje blei kalla inn til intervju. Etter ei konkret bevisvurdering fann Høgsterett det mest sannsynleg at det var kompetansebehovet – ikkje As alder – som hadde vore styrande. Anken blei forkasta.

A blei ikkje gitt ansvar for staten sine kostnader. Høgsterett viste til svakheiter i saksbehandlinga i tilsetjingssaka, styrketilhøvet mellom partane, betydninga saka har for velferda til A, og at saka hadde reist enkelte prinsipielle spørsmål.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen