Opphavsrettsleg klarering ved kabeldistribusjon av tv-kanalar

Høgsterettsdom 10. mars 2016, HR-2016-562-A, (sak nr. 2015/1101), sivil sak, anke over dom

Norwaco (advokat John S. Gulbrandsen) mot Get AS (advokat Rasmus Asbjørnsen)

Dommarar: Webster, Arntzen, Falch, Tønder, Utgård

Opphavsrettsleg klarering ved kabeldistribusjon av tv-kanalar.  

Kabeldistributøren Get AS fekk medhald i at det ikkje skal betalast vederlag til Norwaco for kabeloverføring av tv-kanalane TVNorge, FEM, MAX og VOX. 

Saka avklarer at det ikkje er vidaresending av kringkastingssendingar, jf. åndsverklova § 34, når eit kabelselskap distribuerer fjernsynskanalar som det mottar i ei lukka elektronisk sending, men som samtidig blir kringkasta via satellitt og over bakkenettet.

Dissens 4–1.

Les heile avgjerda

Til toppen