Retten til ved tvang å bruke fingeravtrykk frå den sikta til å opne mobiltelefonen

Høgsterettsavgjerd 30. august 2016, HR-2016-1833-A, (sak nr. 2016/908), straffesak, anke over avgjerd

A (advokat Inger Marie Sunde) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Folke Åmlid)

Dommarar: Bergsjø, Matheson, Bull, Falch, Indreberg

I ei straffesak om grov kroppsskade kom Høgsterett til at straffeprosesslova § 157 ikkje gir politiet heimel til ved tvang å bruke fingeravtrykk frå den sikta for å få tilgang til innhaldet i mobiltelefonen hans.

Politiet tok beslag i fleire mobiltelefonar i ei valdssak. Det var på det reine at enkelte av dei var brukte til å filme og fotografere valdsepisoden. Éin av dei sikta nekta å medverke til å opne telefonen. Da dei mistenkte at også denne telefonen kunne innehalde bevismateriale, bad politiet om ei avgjerd i retten for å få tilgang til innhaldet ved hjelp av fingeren til den sikta – om nødvendig ved bruk av tvang. Lagmannsretten hadde under dissens komme til at straffeprosesslova § 157 gav nødvendig heimel, men Høgsterett kom samrøystes til det motsette resultatet.

Avgjerda gir rettleiing for å forstå straffeprosesslova § 157.

Les heile avgjerda

Til toppen