Ærekrenking i trykt skrift

Høgsteretts dom 25.6.2015, HR-2015-01339-A, (sak nr. 2014/2312), sivil sak, anke over dom

Aftenposten AS (advokat Jon Wessel-Aas) mot A (advokat Carl U. Bore)

Dommarar Endresen, Bergsjø, Normann, Utgård, Schei

Utgivaren av ei avis blei frifunnen for krav om oppreisingserstatning for ærekrenking.

Avisa hadde i eit oppslag skulda ein tidlegare leiar i ein fotballklubb for at han på vegner av klubben hadde inngått ein avtale med ein spelar som innebar at delar av lønna ville bli unndregne skattlegging. Utgivaren vedgjekk at dette ikkje kunne dokumenterast, men blei likevel frifunnen, idet skuldinga etter ei samla vurdering ikkje blei funnen rettsstridig. Eit mindretal fann at oppslaget i avisa var rettsstridig, og at leiaren derfor måtte tilkjennast oppreisingserstatning.

Dommen gir rettleiing for avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen.

Les heile avgjerda

Til toppen