Bruk av politiavhøyr i drapssak

Høgsterettsdom 17. februar 2016, HR-2016-00379-A, (sak nr. 2015/1628), straffesak, anke over dom

A (advokat René Ibsen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Cecilie Schløsser Møller)

Dommarar: Noer, Normann, Skoghøy, Øie, Matningsdal

Ein mann som var dømd til 16 års fengsel for forsettleg drap på ei lita jente, fekk ikkje medhald i at dommen måtte opphevast.

Lagmannsretten hadde vist eit video-opptak av politiforklaringa til mannen under ankeforhandlinga. Den domfelte meinte at han før avhøyret ikkje hadde fått god nok informasjon om kva saka gjaldt, og om at han var sikta i saka. Han hevda dessutan at han ikkje hadde fått tilstrekkeleg informasjon om retten til å ha med seg ein forsvarar under avhøyret, og at avkallet på forsvarar derfor ikkje var gyldig. Høgsterett kom til at det var gitt god nok informasjon, og at det ikkje var feil å vise videoen med avhøyret.

Dommen gir rettleiing for kva krav til informasjon ein sikta har ved politiavhøyr.

Les heile avgjerda

Til toppen