Gyldigheita av vedtak om tilbakekall av permanent opphaldsløyve

Høgsterettsdom 27. september 2016, HR-2016-2017-A, (sak nr. 2016/755), sivil sak, anke over dom

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Emberland) mot A, B, C (advokat Arild Humlen) (advokat Terje Einarsen)

Dommarar: Bergsjø, Bårdsen, Ringnes, Indreberg, Stabel

Høgsterett kom til at Utlendingsnemnda hadde heimel til å kalle tilbake det permanente opphaldsløyvet til tre tyrkiske søsken. Lagmannsretten hadde forstått lova feil på dette punktet, og dommen blei derfor oppheva.

Dei tre tyrkiske søskena kom til Noreg som 17-åringar og fekk først mellombels og seinare permanent opphaldsløyve i familiesameining med faren, som på det tidspunktet var gift med ei norsk kvinne. Det blei seinare rettskraftig avgjort at ekteskapet med den norske kvinna var eit såkalla proformaekteskap. Opphaldsløyvet til faren blei derfor trekt tilbake. Spørsmålet i saka var om utlendingslova § 63 gir heimel til å trekke tilbake opphaldsløyvet til dei tre vaksne barna også når det må leggast til grunn at dei ikkje mot betre vitande har gitt uriktige opplysningar om ekteskapet til faren. Fleirtalet i Høgsterett kom til at § 63 gir slik heimel. Dei kom også til at dei krava til klarleik som følger av Grunnlova og av EMK artikkel 8, var oppfylte. Éin dommar dissenterte. 

Dommen gir rettleiing for tolkinga av utlendingslova § 63.

Les heile avgjerda

Til toppen