Brot på forureiningslova

Høgsteretts dom, 15.4.2015, HR-2015-00791-A, (sak nr. 2014/2008), straffesak, anke over dom

I. A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Katharina Rise)

II. B (advokat Truls Eirik Waale) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Ringnes, Tjomsland, Øie, Arntzen, Schei

Spørsmåla i saka gjaldt dobbeltstraff etter EMK protokoll 7-4 og straffutmåling for brot på forureiningslova § 79 i tilknyting til «bilkyrkjegardar».

Dei to domfelte hadde fått tvangsmulkter på høvesvis 475 000 og 350 000 kroner for å ha oppbevart fleire køyretøy og andre gjenstandar på tre eigedommar gjennom ei årrekkje. Høgsterett kom til at tvangsmulktene ikkje utgjorde ei sperre for seinare straffeforfølging, og vurderte mellom anna om fristane som var sette for gjennomføring av oppryddinga, kunne bringe forholdet under straffeomgrepet i P 7-4. Ved straffutmålinga viste Høgsterett til at bilkyrkjegardar representerer eit miljøproblem som det av allmennpreventive grunnar må reagerast på med ei følbar straff. Dei domfelte hadde forårsaka betydeleg forsøpling og ikkje oppfylt krav om opprydding, og Høgsterett lét den utmålte straffa i lagmannsretten bli ståande. Straffa var fengsel på vilkår i 45 og 30 dagar og bøter på 50 000 og 30 000 kroner.

Les heile avgjerda

Til toppen