Spørsmål om avslag på prøvelauslating var dobbelstraff

Høgsterettsdom 29. april 2016, HR-2016-910-A, (sak nr. 2015/1978), sivil sak, anke over dom

Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Emberland) mot A (advokat Nils Christian Nordhus)

Dommarar: Ringnes, Bårdsen, Normann, Arntzen, Øie

Kriminalomsorga nekta ein domfelt prøvelauslating fordi det var grunn til å tru at han ville utføre nye straffbare handlingar i prøvetida, jf. straffegjennomføringslova § 42 femte ledd. Vurderinga var basert på tidlegare straffedommar mot den domfelte. Spørsmålet i saka var om det å nekte prøvelauslating på dette grunnlaget er i strid med forbodet mot dobbelstraff i artikkel 4 i Tilleggsprotokoll 7 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen (P 7-4).

Høgsterett kom til at avslaget ikkje var ein ny sanksjon som var omfatta av bruksområdet for P 7-4. Avgjerda avklarar at det må ligge føre ein ny sanksjon for at P 7-4 skal komme til bruk, og at P 7-4 ikkje er til hinder for å nekte prøvelauslating når grunnlaget er tidlegare dommar mot den domfelte.

Les heile avgjerda

Til toppen