Pressemelding frå Høgsterett i ACER-saka

Høgsterett i plenum går onsdag 13. januar 2021 kl. 09.00 i gang med ankeforhandling i sak nr. 20-072085SIV-HRET mellom Nei til EU og staten ved Utanriksdepartementet om innlemming av EUs reglar i energimarknadspakke III i EØS-avtalen. Saka for Høgsterett gjeld spørsmål om søksmålet må avvisast frå domstolane.

Ankesaka vil bli handsama over fire dagar og vil bli avslutta måndag 18. januar 2021. Ho blir gjennomført som fjernmøte og vil bli strøymd av Rett24, Advokatbladet og Nei til EU. Nærare informasjon finst her. Andre presseorgan som ønskjer å motta lyd- og biletstraum frå fjernmøtet, kan kontakte info@hoyesterett.no.

Bakgrunnen for saka er at Stortinget 22. mars 2018 samtykte til vedtaket frå EØS-komiteen om å innlemme EUs reglar i energimarknadspakke III i EØS-avtalen. Samtykket vart gjeve i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd, der samtykke kan gjevast med vanleg fleirtal.

I november 2018 tok organisasjonen Nei til EU ut søksmål mot staten ved Utanriksdepartementet med påstand om at staten pliktar å unnlate å gjennomføre energimarknadspakke III i norsk rett. Organisasjonen meiner at gjennomføringa av energimarknadspakke III inneber ei suverenitetsavståing som krev at samtykke frå Stortinget må gjevast i medhald av Grunnlova § 115, som krev tre fjerdedels fleirtal. Nei til EU meiner altså at Stortingets samtykkevedtak 22. mars 2018 ikkje vart gjeve i tråd med Grunnlova.

Spørsmålet som Høgsterett no skal ta stilling til, er om Nei til EUs søksmål kan fremjast til handsaming for norske domstolar, eller om søksmålet i si noverande form må avvisast fordi dei såkalla søksmålsvilkåra i tvistelova § 1-3 ikkje er oppfylte. Etter denne føresegna kan det reisast sak for domstolane om «rettskrav». Den som reiser saka, «må påvise et reelt behov for å få kravet avgjort i forhold til saksøkte. Dette avgjøres ut fra en samlet vurdering av kravets aktualitet og partenes tilknytning til det». Både Borgarting lagmannsrett og Oslo tingrett har avvist Nei til EUs søksmål.

Sjølv om ankeforhandlinga blir gjennomført som fjernmøte, vil prosessfullmektigane prosedere frå Høgsteretts Hus.

Til toppen