Ledig stilling som sekretær i Administrativ eining

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leidd av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eitt embete som direktør, ein assisterande direktør, 25 andre juriststillingar og 24 stillingar innan administrasjon og sakshandsaming. Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leidd av direktøren. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

Sekretær i Administrativ eining

Det er ei ledig fast stilling som sekretær i Administrativ eining.

Sekretæren skal i hovudsak yte administrativ støtte til direktøren, dommarane og leiinga elles i Høyesterett. Sekretæren skal òg samarbeide tett med sekretæren for justitiarius. Arbeidsoppgåvene er varierte og går mellom anna ut på tilrettelegging av saker for direktøren, planlegging og koordinering av møte og arrangement i Høgsterett og kontakt med interne og eksterne aktørar. Sekretæren skal bidra til god og rask informasjonsflyt internt i Høgsterett og elles utføre diverse sekretærarbeid og betene forkontoret til direktøren. Den som blir tilsett, må rekne med noko arbeid utover normal arbeidstid, òg på kveldstid.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein person med
- relevant høgre utdanning (bachelorgrad eller tilsvarande)
- erfaring som sekretær, administrativ assistent eller liknande, gjerne frå ei større verksemd
- svært gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- svært gode engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- svært god kompetanse i bruk av IKT-verktøy

Erfaring frå offentleg sektor eller kjennskap til domstolsverksemd generelt er ein fordel.

Vi ønskjer ein person som
- kan arbeide sjølvstendig, nøyaktig, effektivt og strukturert
- har svært god serviceinnstilling og gode samarbeidsevner
- er fleksibel og utviklingsorientert

Vi legg vekt på om personen er personleg eigna til stillinga.

Stillinga er lønt som rådgjevar (kode 1434) i lønsspennet 450 000–570 000 kroner pr. år. Løna blir endeleg fastsett på bakgrunn av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn bli vurdert. Frå bruttoløna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Prøvetida er 6 månader.

Vi tilbyr
- ei fleksibel arbeidstidsordning
- eit fagmiljø som er prega av trivsel og læring
- ei gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, kan tryggingsklarerast på nivået «strengt hemmeleg».

Det er eit mål at arbeidsstaben skal spegle befolkningssamansetninga generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Ein kan få nærare opplysningar om stillinga ved å kontakte kontorsjef Akmal Hussain på telefon 22 03 59 29 eller assisterande direktør Christopher H. Sørensen på telefon 22 03 59 35.

For generell informasjon om Høgsterett, sjå www.hoyesterett.no.

Søknadsfristen er 22. november 2019.

Send søknaden elektronisk via www.jobbnorge.no.