Informasjon om koronasituasjonen

Drift i Sunnmøre tingrett

Sunnmøre tingrett tilpassar all aktivitet i forhold til gjeldande sentrale føringar i nasjonale retningslinjer om smittevern.  

For dei fleste saker legg vi opp til heilt eller delvis oppmøte.  Nokre saker vert også gjennomført fullt ut digitalt.

Dersom du er innkalt til sak vil du få beskjed om saka vert gjennomført ved oppmøte eller digitalt. Har du elles spørsmål kan du kontakte tingretten over telefon.

Tiltak mot smitte

I tråd med strenge smittevernreglar mot Covid-19, kan du ikkje møte opp i tingretten sine lokale dersom du har teikn til forkjøling, hoste, feber eller du er i karantene. Dersom har slike symptom og eller nokon du bur saman med har slike symptom, ber vi deg kontakte tingretten.

Dersom vi skal klare å minimalisere smittefaren gjennom oppmøte i tingretten, er det avgjerande at alle også er nøye med å følgje generelle råd om god hygiene og avstand til andre. Tingretten har i tråd med nasjonal veileder mot smittevern, utarbeida ein lokal plan.  

Tvistesaker og straffesaker

Retten vil først og fremst tillate oppmøte i prioriterte saker, men vi tillet oppmøte i stadig fleire saker, men innanfor gjeldande rutiner for smittevern.

Kappe i retten

Dersom saker vert behandla ved bruk av fjernmøter, er det ikkje kappeplikt for aktørane som sit utanfor rettssalen.

Dødsfall og testament

Spørsmål ved dødsfall ber vi om blir retta over telefon eller epost. Testament må sendast pr post. Vi prioriterar skiftesaker høgt og ventetida for skifteattest skal ikkje vere lenger enn 14 dagar.

Notarial

Notarialforretningar vert utført dagleg mellom kl. 12:30 og 14:30, men kun mot timebestilling. For å reservere tid til avtale må du ta kontakt med tingretten på e-post sunnmore.tingrett@domstol.no

Konkurs

Konkursopning:

  • Oppbod må sendast tingretten som epost med vedlagt scanna dokument og som er underteikna. Alternativt kan oppbod med vedlegg sendast tingretten som vanleg post. Saka vert elles handsama på vanleg måte.

  • Rettsmøte til behandling av spørsmål om opning av konkurs vert gjennomført med oppmøte i retten.

  • Skiftesamlingar vert gjennomført over telefon.

Offentlege møter

I den utstrekning det er praktisk muleg vil tingretten legge til rette for offentleg interesse i sakene. Ta kontakt med tingretten dersom spørsmål.

Kontaktinformasjon

Post: Sunnmøre tingrett, postboks 1353, Sentrum 6001 Ålesund
E-post: sunnmore.tingrett@domstol.no
Telefon 70 33 47 00

Vi vurderer forholda dagleg og vi oppdaterer endringar på heimesida.   

Oppdatert 20. august 2020

Til toppen