Aktuelt

Årmelding 2019

Årsmeldinga for 2019 er klar for Indre Hordaland og Nord og Midhordland jordskifterettar. Det har i året samla for dei to jordskifterettane vorte slutta 80 saker og det kom inn 77 nye saker. Ventetida for å få opp ei sak har gått noko ned frå 2018. Eit viktig bidrag til å auka sakskapasiteten har vore meir bruk av rettsmekling. I 2019 har det vorte mekla 41 saker der 67% av dei enda med forlik....

Koronavirus

Drift av jordskifterettane blir også påverka av koronaviruset. Indre Hordaland jordskifterett / Nord- og Midhordland jordskifterett er stengt for besøkande inntil vidare. Alle planlagte fysiske møter i perioden fram til 26. mars 2020 vert avlyst. Denne perioden kan verte forlenga. Sentral informasjon frå domstoladministrasjonen finn du HER

Årsmelding 2018

Felles årsmelding for Nord- og Midhordland og Indre Hordaland jordskifterettar er klar. Denne syner at det har vore stor aktivitet i året som har godt og ein har fått slutta fleire saker enn det har kome inn. Ventetida har gått noko ned. Fokus på mekling har vore ein av tiltaka her. Årsmeldinga finn du her

Kronikk om nabokrangler

Enkel førstehjelp ved nabokonflikter. Kronikk i Bergens tidende 12/6 av jordskiftedommer Solfrid Mykland.

Til toppen